PDA

View Full Version : Dykkerulykke på Albert Janus i Ørsta



rune1973
08-10-2004, 16:48
Ein dansk dykker fekk dykkersjuke etter eit dykk på "Albert Janus" utanfor Vekslet i Ørsta i går ettermiddag. Etter det ein fekk opplyst i kveld skal situasjonen for dykkeren ikkje vere livstruande.
Dansken var saman med fem andre dykkarar frå Danmark og dei har vore i Ørsta heile veka for å dykke. Torsdag var målet "Radbod", ein båt som ligg på 27 til 80 meter, medan "Albert Janus" ligg frå 60-80 meter.
Etter det ein kjenner til var dykkerane nede på 78 meter under dykket.
Det var to dykkerar som dykka saman i dag. Då dei kom til overflata fekk den eine av dei symptom på dykkersjuke. Han vart raskt teken hand om av kameratane som gav han rein oksygen som førstehjelp. Haukeland i Bergen vart kontakta over mobiltelefon og eit helikopter vart rekvirert til Hovde. Ei ambulanse vart tilkalla og frakta den dykkersjuke til flyplassen i Hovdebygda.
Dykkaren vart frakta til Haakonsvern for å bli lagd i trykkammer.

Politiet etterforska saka
I kveld foretok politiet i Ørsta rutinemessige avhøyr av dykkerane. Utstyret som vert brukt i ei dykkerulukke skal og rutinemessig beslagleggast for undersøking.

Vanleg dykkermål
Torstein Holsvik i Møre Dykkerservice, fortel at Albert Janus er eit populært mål mellom dykkarane. Danskane som har vore her denne veka var her også i fjor. I førre veke var her eit anna dykkerteam frå Danmark.
Etter det eg kjenner til er dei danske karane erfarne dykkerar. Eit dykk karane gjorde tek om lag to timar, fire minutt ned, 30 minutt på botnen og 1,5 timar i dekomprimering på veg oppatt. Når ein dykkar så djupt som det er snakk om her må ein bruke trimix i dykkerflaskene. Dette er i hovudsak ei blanding av oksygen, helium og nitrogen, og ein må ha eit spesielt trimix-sertifikat for å ta dykket, seier Holsvik. – Etter det eg kjenner til så hadde danskane det.
Holsvik seier at den andre personen som dykka saman med ulukkesdykkeren, ikkje hadde symptom på dykkersjuke.

Fritt redigert frå artikkel i avisa Møre, 9.10.04.
Eg jobbar i avisa.